Bli med på laget!

Breimsbygda Skisenter baserar  i stor grad drifta på dugnadsinnsats. Vi har alltid bruk for fleire personar til å dele på arbeidet, og vi oppmodar alle interesserte til å bli med oss på laget og gjere ein innsats for skitilbodet på Utvikfjellet.

Drifta av skiheisane samt drift av Fjellstova og parkering er organisert av skisenteret. Vi har bruk for minimum 3 heisvakter når skisenteret er ope. I tillegg har vi behov for folk til å stå i kiosken i helgane. I forbindelse med vinterferie og påskeferie er sjølvsagt behovet stort.

Skisenteret set i utgangspunktet opp dugnadsvakter med folk i frå nærområdet før sesongstart. Men vi har alltid behov for nye folk til dugnadslista. Det er ingen krav til spesielle kvalifikasjonar og opplæring blir gjeve.

Vi oppmodar alle som er skiinteresserte om å registrere seg for å gjere ein innsats!

Har du spørsmål, kontakt skisenteret:

Driftsleiar: Runar Kleppe
Tlf. 901 24 701
E-post: runar.kleppe@breim.no

På førehand takk!