Gratis sesongkort!

Vi tilbyr alle 4. klassingar i Sogn og Fjordane gratis sesongkort komande sesong!

Med dette kan alle 4 klassingar som kjem på Utvikfjellet ha eit tilbod utan at det skal koste dei noko økonomisk, og vi håpar på mange 4 klassingar som nyttar anlegget vårt på langrenn og alpinski.

For dei som ynskjer å nytte seg av tilbodet ber vi om at føresette registrerar namn på barn samt kva skule denne går på i skjemaet under innan 31.12.16.

Når dette er gjort kan sesongkortet hentast i billettbua i skisenterets opningstid. Det er krav til legitimasjon (føresette) og at ein ladar key card med sesongkort. Key card kostar 70.- om ein ikkje har dette frå før. Sesongkortet har ein verdi på kr. 2000,-