Turløyper

Utvikfjellet er eit eldorado for dei som likar å ta seg ein skitur. Mens ungane boltrar seg i alpinbakken ligg
forholda godt til rette for å ta seg ein kort eller lengre skitur i preparerte turløyper i fantastisk terreng.

loyper2

Så snart snøforholda tillet det blir følgande løyper preparert:

  • Lysløype: 2,8 km
  • Fløtravarden: 7,2 km
  • Snøfjellet: 13 km
  • Støyvastøylen: 3,4 km
  • Svartebotnen: 23 km

Totalt ca 50 km turløyper.
I tillegg blir det laga løyper mot Dunheia og Blånibba i forbindelse med Rypeskarsrennet.

Lysløypa vert preparert kvar dag og er klar til kl. 17.00. Dei andre løypene vert preparert ved behov. Du kan til ei kvar tid følge med på kortid løypene vart preparert her

I lysløypa er det lys frå kl. 17.00 til 22.00 kvar dag. Om ikkje lyset er på når du kjem kan du slå det på ved Fjellstova, brytar på veggen mot lysløypa.