Dei siste dagane har det mildt sagt lava ned og vi har fått ca ein halv meter på Utvikfjellet. Dette er svært gledeleg men har og skapt nokre utfordringar med tanke på å sette anlegget i stand til sesongstart. Vi har hatt service på belta på trakkemaskina og desse er forhåpentlegvis klar i løpet av laurdag. Dersom vêret tillet det vil vi preparere langrennsløyper med scooter i løpet av fredag, men dette forutset at det sluttar å blåse 🙂

Vi jobbar på spreng med å klargjere alpinbakkane men kan ikkje love noko enda i forhold til kortid desse kan opne. Men det ser lyst ut med tanke på snø i alle fall 🙂