Vi håpar framleis på snø i frå oven for å få starta opp storeheisen og det ser ut som det kan kome litt snø dei neste dagane. MEN vi overlet ikkje ting til vêrgudane heilt åleine og vil derfor hente snø andre plassar i frå for å fylle på i bakkane.
Alpinanlegget blir derfor stengt laurdag medan dette arbeidet pågår. Vi vil halde ope søndag frå 11.00 til 16.00 i barnetrekket og den mellomste heisen (no med meir snø enn det har vore tidlegare).
Når det gjeld langrennsløyper er det gode forhold i lysløypa (3 km). Ut over fjellet er det lite snø før du kjem ut til Holestøylen. Dersom vêrgudane står oss bi vil løypene ut over fjellet bli fiksa så snart som råd.