Denne veka har det vore særs mykje vêr på Utviken. Frå store mengder snø til store mengder regn til igjen store mengder snø. I dag er det i tillegg mykje vind i fjellet.
I utgangspunktet var det planen å opne alle alpinbakkane laurdag. Men på grunn av regnet vi fekk i går er det vanskeleg å få preparert skikkeleg. Når det i tillegg er meldt mykje vind i morgon har vi valgt å halde skisenteret stengt laurdag. Vêrmeldinga for søndag ser veldig bra ut. Om alt går etter planen kan vi då opne både storheisen og den mellomste heisen. Vi minner og om karusellrenn på søndag.

Ser deg på Utviken på søndag!