Vi har dessverre fått havari på ein hydraulikkmotor på trakkemaskina
Dette betyr at vi ikkje får preppa langrennsløyper og alpinbakken på nokre dagar. Langrennsløypene blei preppa for nokre dagar sidan og er framleis kjempebra. Alpinbakken blei preppa tysdag etter stengetid og vil og halde seg bra. Yr melder om litt snø dei neste dagane, så det blir knall laussnøkøyring framover
Vi ber om forståing for at det ikkje er heilt ´ferske´ spor dei neste dagane.
Sjølv om vi slit litt med mekanikken vil anlegget vere ope som normalt.