Generalforsamling 2015

Innkalling ordinær generalforsamling i Breimsbygda Skisenter  AS

Det vert med dette kalla inn til ordinær generalforsamling for rekneskapsåret 2015 på mitt kontor på Sandane mandag den 26. september kl.20.00.

Sakliste:

  1. Registrering
  2. Val av møteleiar og annan person til å underteikna møteprotokollen
  3. Godkjenning av innkalling og sakliste
  4. Godkjenning av årsoppgjeret dvs årsmelding frå styret, årsrekneskap og revisor si melding
  5. Val
  6. Godtgjering til styret og revisor

Dokumenta under sak 4 er lagt ut på selskapet si heimeside og kan lastast ned der.

Om ønskjeleg så kan dei avhentast her ved kontoret, eller ein kan om naudsynt få dei tilsendt.

 

For ordens skuld nemner ein at selskapet har gått over til avvikande rekneskapsår, som går fram til 30/6, av den grunn seinare tidspunkt for generalforsamlinga.

 

Hans Lothe

styreleiar