Rypeskarsløypa er klar

I følge Fjellhug/Vereide IL sine nettsider er Rypeskarsløypa oppkøyrd og merka. Dermed kan ein gå frå Utvikfjellet til Kleivane på ski. Dette er ein flott tur! Meir info om sjølve Rypeskar-rennet finn du her

Stengt søndag 8/8

På grunn av mykje regn dei siste dagane er snøen for blaut til at vi får preparert i bakke og løyper. Vi må dessverre halde stengt i dag og 🙁

Stengt 7/3

Fredag kveld regnar det på Utviken og meldingane for morgondagen er heller dårlege med mykje nedbør og vind. Vi vel derfor å ha stengt laurdag. Vi håpar på bedre forhold søndag…

Lagsmeisterskap i SSL

BBIL og Vikane IL arr. lagsmeisterskap i SSL onsdag 25. febr. med start kl. 18.30 Påmelding til anders.felde@breim.no, påmelding innan tysdag kveld kl. 2100, eller på fjellet onsdag før 18.15. Premie til alle som deltek

Ope fredag

I dag blir det ope! Endeleg har vêret roa seg og vinteren er tilbake med nysnø på Utviken! Ope frå 10.30 i dag! Set deg på Utviken!

Stengt torsdag 19/2

Det siste døgnet har det regna på Utviken. Forholda er derfor så dårlege at vi dessverre må halde stengt torsdag. Det skal bli kaldare ut over kvelden og vi får då mest sannsynleg nedbør i form av snø.