skiløpere

Breimsbygda Skisenter

Breimsbygda Skisenter ligg på Utvikfjellet, 630 meter over havet i Gloppen kommune.

Vi likar å kalle oss «fylkets beste utfartsområde», då vi meiner vi har stor bredde i våre tilbod med tre skitrekk i alpinanlegget med flere nedfartsløyper og flomlys. Den lengste har ei lengde på 960 meter, med et fall på 250 meter. 

Dei to minste skitrekka er spesielt tilrettelagt for barn og nybyrjarar. I forbindelse med barneskitrekket prepareres det anlegg for skileik. Vi har eiga lysløype for langrenn og ei rekke turløyper både mot vest og aust. Løypene mot vest er mest brukt på grunn av støylane i området og det lette turterrenget.

I anlegget finn du og vår eigen kafé og varmestove. Du kan og nytte deg av grillhytta i tilknytning til anlegget. I forbindelse med parkeringsplassen er det satt opp eigne straum-uttak for bubilar.

Breimsbygda Skisenter
_mg_9983.jpg

Tautrekk

Lengde: ca 100m

For dei minste er bakken med tautrekk ein perfekt arena for å lære seg å meistre sine første ski. Ein perfekt start før ein prøvar seg på barneheisen

 

Barneheis

Lengde: 350m

Vår mellomste skiheis er perfekt for nybyrjarar i alle aldrar. 

_mg_9959.jpg
 
_mg_9864.jpg

Hovudheis

Lengde ca 960m

Tar du hovedheisen til topps har du mange moglegheiter for ulike nedfartar, både i preparerte løyper eller i laussnøen. 

 
AD95F398-D956-4516-8637-0F94CD801865.heic

SKIUTLEIGE

Hos oss kan du leige alpinski og snowboard, samt alt anna utstyr som høyrer til

_mg_9964.jpg

PRISAR

Vi har dei rimelegaste heiskortprisane i området!