Velkomen til Utvikfjellet

PÅ BAR BAKKE…

Årets skisesong på Utvikfjellet har vore særs utfordrande med tanke på vêr og snøforhold.

Vi som styrer med drifta på fjellet har vel aldri vore betre forberedt enn vi var før årets sesong.

Det har blitt gjort utbetringar og mykje vedlikehald på utstyr og maskiner for å være klar når snøen skulle kome.

MEN vêr er dessverre ein faktor vi ikkje klarar å styre. Det ser derfor ut til at vi kjem til å legge bak oss ein sesong med kun 5 driftsdagar i alpinbakkane. Manglande snø har og medført at vi ikkje har kunne brukt trakkemaskin for å preparere langrennsløyper utanfor der det er veg. Tilbodet har derfor vore mykjedårlegare enn det vi ynskjer å tilby våre brukarar.

 

KVA NO?

Breimsbygda Skisenter og Utvikfjellet Løypelag er eigd av idrettslaga i Breim og Vikane samt Gloppen og Stryn Kommune. Vi har eigarar som støttar oss i tronge tider, og om det skulle bli nødvendig håpar vi og vår bank stiller på. Vi driv i stor grad skisenter og løypekøyring på dugnad, noko som medfører at utgiftene minkar vesentleg når anlegget ikkje er i drift. Så reint økonomisk reknar vi med å satse vidare til neste sesong, sjølv om vi kjem ut med raude tal i år.

 

For alle som har kjøpt sesongkort i alpinbakken kjem vi til å tilby ein kompensasjon for neste års sesong.

 

Sjølv om årets sesong har vore særs dårleg, går vi på med friskt mot og håpar den neste blir fantastisk!

 

Mvh Styre og driftspersonell

Følg oss gjerne på Facebook for dei siste oppdateringane om vêr og føre.



Utvikfjellet Løypelag

18mars_trakk2

Utvikfjellet løypelag vart i 2014 stifta av mellom anna Breimsbygda Idrettslag, Vikane Idrettslag og Gloppen Kommune. Løypelaget har som oppgåve å lage og drifte tur- og trimløyper i det området som kanskje er fylkets flottaste utfarstområde. Det nystarta laget ynskjer å få med firma og privatpersonar som andelseigarar for å kunne tilby flotte langrennsløyper på Utvikfjellet.

Les meir om Utvikfjellet Løypelag her


 

Våre samarbeidspartnerar