

Velkommen til Utvikfjellet
Utvikfjellet er eit av dei mest populære utfartsområda i Nordfjord, både sommar og vinterstid. Med kort veg frå Stryn, Loen, Olden, Sunnfjord og Gloppen er turløypene og det familievenlege alpinanlegget førstevalet for mange når dei skal nyte ein dag på fjellet.
Kveldskøyring i barneheisane tysdag 28. og torsdag 30. november 17:30-20:30
Følg oss på Facebook for siste driftsmeldingar!
Følg med på skisporet.no for å sjå når løyper blir preparert!
Noko for alle...
Utvikfjellet kan tilby noko for alle! Sommarstid er området veldig populært som utgangspunkt for flotte fjellturar. Vinterstid preparerar vi fantastiske turløyper i flott terreng. Alpinanlegget vårt har 3 heisar; tautrekk, barneheis og hovudheis. Så her er det eit tilbod til alle ferdigheitsnivå. Toppane Snøfjellet og Dunheia er også populære toppturmål.
Sommar
Alpin
Langrenn
Topptur

Oppkøyrde turløyper
UTVIKFJELLET LØYPELAG
Utvikfjellet løypelag vart i 2014 stifta av mellom anna Breimsbygda Idrettslag, Vikane Idrettslag og Gloppen Kommune.
Løypelaget har som oppgåve å lage og drifte tur- og trimløyper i det området som kanskje er fylkets flottaste turområde.
Drifta av løypelaget er basert på inntekter som kjem frå laget sine medlemmer samt sal av årskort. Vi får og kommunal støtte frå Gloppen Kommune og Stryn Kommune
.
Medlemskap kan teiknast av einskildpersonar, lag eller organisasjonar. Dette vere seg hytteeigarar, grunneigarar, næringsdrivande eller andre som styret godkjenner.

SKI & BAD
Breimsbygda skisenter og Trivselsbadet har inngått samarbeid som vil kome familiar til gode.
Dersom du kjøper familie-årskort i Breimsbygda Skisenter, så inkluderer dette gratis bading for familien i Trivselsbadet ein valfri kveld i veka – måndag til fredag.
På same måte vil familie-årskort i Trivselsbadet gje familien ein gratis kveldskøyring i Breimsbygda skisenter på ein vekedag. Ordninga gjeld ikkje i helgane.
