top of page

Breimsbygda IL bidreg med 300 000 kroner til skisenteret

6. nov.
1 min lesing
Breimsbygda IL og Breimsbygda Skisenter

Breimsbygda IL bidreg med 300 000 kroner over tre år. Som ein av A-aksjonærane i Breimsbygda Skisenter tek idrettslaget eit viktig ansvar for ei trygg framtid på Utvikfjellet.


Tre snowboardkøyrarar under fjelltoppane på Utvikfjellet
Utvikfjellet er ein arena for skileik, trening og gode skidagar.

Bidraget er fordelt med 200 000 kroner i 2026 og 50 000 kroner i kvart av åra 2027 og 2028. Det gir både eit viktig løft no og støtte å planleggje med framover.


Ein eigar som tek ansvar


Det betyr mykje at Breimsbygda IL er med og tek ansvar for anlegget dei sjølve er medeigar i. Bidraget viser at idrettslaget vil vere med på arbeidet for å sikre skisenteret over tid.



Skiglede for nye generasjonar


Skigruppa i BBIL arbeider med både alpint og langrenn. I årsmeldinga for 2025 fortel dei korleis ein snøfattig vinter avgrensa aktiviteten, og ønskjer seg betre rammer for å skape skiglede for små og store. Bidraget hjelper oss å ta vare på denne arenaen, slik at skigruppa kan halde fram med skileik, trening og rekruttering.


Vi er svært takksame for bidraget og for innsatsen idrettslaget og skigruppa legg ned. Saman med gåver og dugnad frå resten av bygda hjelper dette oss vidare mot målet om ei trygg framtid på Utvikfjellet.


Tusen takk til Breimsbygda IL for at de er med og tek vare på skigleda!




Skann QR-koden for å støtte fellesløftet
 
 
 

Kommentarer


Det er ikke lenger mulig å kommentere dette innlegget. Kontakt nettstedseieren for mer informasjon.
bottom of page