top of page

Éin million kroner til Utvikfjellet!

4. nov.
1 min lesing
Breimsbygda Skisenter

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir Breimsbygda Skisenter éin million kroner. Ei stor og viktig gåve som hjelper oss å ta vare på skigleda for born, unge og familiar.


Originalfoto av Nikolai Sele med gåvesjekken på éin million kroner til Breimsbygda Skisenter, på einsfarga skisenterblå bakgrunn.
Nikolai Sele med milliongåva frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.


Tusen takk for tilliten


Vi takkar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for eit stort løft for Utvikfjellet. Etter fleire snøfattige vintrar gir prosjektstøtta oss høve til å ta tak i viktige investeringar i anlegget.



Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Fire tiltak som gjer ein skilnad


I prosjektplanen er millionen fordelt på desse tiltaka:


  • 600 000 kroner til el-revisjon og nødvendige tiltak på Storeheisen.

  • 100 000 kroner til revisjon og planering ved barneheisen.

  • 200 000 kroner til delfinansiering av nytt tautrekk.

  • 100 000 kroner til delfinansiering av vareautomat i Fjellstova.


Dette er prosjektstøtte til investeringar. Dugnad og andre bidrag inngår også i finansieringa. Gåva til tautrekket og automaten er ein del av prosjektkostnaden.


Trygge rammer for fleire skidagar


Gloppen kommune har vedteke å innfri gjelda. Saman med stiftingsgåva gir det skisenteret eit nytt økonomisk utgangspunkt.


No arbeider vi vidare for langsiktige driftsavtalar med kommunane. Faste bidrag frå næringslivet og folket, saman med dugnadsinnsatsen, er framleis avgjerande for trygg drift, låge prisar og vidare utvikling.


Bli med på fellesløftet


Du kan vere med med ei gåve, fast støtte eller litt av tida di. Kvar innsats hjelper oss å ta vare på ein møteplass der nye generasjonar kan få sine første turar på ski.



Skann QR-koden for å støtte fellesløftet

 
 
 

Kommentarer


bottom of page