top of page

Gloppen kommune gir Utvikfjellet ein ny sjanse

30. okt.
1 min lesing

Gloppen kommune har innfridd gjelda på 1 445 740 kroner til Breimsbygda Skisenter. Dette gir oss ein ny sjanse til å ta vare på eit viktig tilbod for born, unge og familiar.



Ein møtestad gjennom generasjonar

På Utvikfjellet har born teke sine første turar i heisen, ungdom funne utfordringar i bakken og familiar hatt gode skidagar saman. Skisenteret gir aktivitet og fellesskap nær der folk bur. Etter fleire snøfattige vintrar har økonomien vore utfordrande og framtida usikker. Vi takkar Gloppen kommune for å vere med og gi anlegget ein ny start.


Meir dugnad og lågare kostnader

Målet er ein enklare og meir dugnadsbasert driftsmodell, med lågare kostnader og meir føreseielege inntekter. Heisane skal framleis vere godkjende, maskinene haldast ved like og bakkar og løyper preparerast. Ei enklare drift skal gjere oss mindre sårbare i dei svake vintrane.


Faste inntekter gir tryggare drift

Vi arbeider for fleirårige driftsavtalar med eigarkommunane. Målet er tryggare drift og at fleire born i skular og barnehagar skal få oppleve skidagar på fjellet. Gåver og fast støtte frå næringslivet og folket er også nødvendig for å sikre og utvikle tilbodet over tid.


Bli med på fellesløftet

Gjennom «Eit felles løft for Utvikfjellet» kan du gi ei eingongsgåve, støtte fast eller bidra med tid. Vi treng heisvakter, kafévakter og praktiske hender. Saman kan vi halde skidagane rimelege og ta vare på anlegget for dagens og framtidas generasjonar.


Skiløparar i snødekt fjellandskap på Utvikfjellet med utsyn mot dalen.
Skann QR-koden for å opne innsamlinga og melde deg til dugnad

 
 
 

Kommentarer


bottom of page