top of page

Ei bygd som stiller opp – no er også SFE med

for 6 døgn siden
2 min lesing
Knut Arild Flatjord på ski, med SFE-logoen over skikøyraren
Knut Arild Flatjord, konsernsjef i SFE, på ski.

For få veker sidan var framtida til skisenteret usikker. No har Gloppen kommune innfridd gjelda, og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har tildelt éin million kroner til viktige investeringar i anlegget. Samstundes har privatpersonar, bedrifter og idrettslaget stilt opp med gåver, avtalar om støtte og dugnadsinnsats.


– Vi er rørte og takksame. Mange har meldt seg til dugnad, og bedrifter har teke kontakt sjølve. Det viser kor mykje anlegget betyr for folk, seier Nikolai Sele i Breimsbygda Skisenter.


SFE gir 100 000 kroner


Sogn og Fjordane Energi er no med på fellesløftet med ei gåve på 100 000 kroner.



– Vi er imponerte over engasjementet og dugnadsinnsatsen rundt skisenteret. Slike møteplassar betyr mykje for trivsel, aktivitet og bulyst, og er viktige for å skape levande lokalsamfunn. For SFE er det naturleg å bidra i lokalsamfunna der vi har aktivitet, og vi håpar fleire verksemder i regionen vil vere med og støtte opp om dette, seier Knut Arild Flatjord, konsernsjef i SFE.


– At SFE vel å vere med, betyr enormt mykje for oss. Det er ei tydeleg stadfesting av at Utvikfjellet er viktig for heile regionen. Tusen takk!


Takk til alle som er med


Breimsbygda IL bidreg med 300 000 kroner over tre år. Saman med støtta frå næringslivet og alle dei personlege gjevarane gir det oss eit viktig grunnlag å byggje vidare på.


I tillegg til SFE er Advokat Jan Erik Mardal AS og Gloppen Eigedomsmekling, Bolseth Glass AS, Byrkjelo Maskin AS, Hetle Holding AS, Jølster Bil AS, NORSmaterials AS og Pebo Rør AS med på løftet gjennom gåver og avtalar om støtte.


Tusen takk òg til dei andre bedriftene og alle dei personlege gjevarane. I gjevarlista på framsida kan du sjå bidraga og namna til dei som har valt å stå fram. Vi er like takksame for støtta frå dei som ønskjer å vere anonyme.


Kvar einaste gåve tel. Kvar avtale og kvar dugnadstime hjelper oss nærare ei trygg framtid for skisenteret.


Vi treng fleire med vidare


Vi er godt på veg, men arbeidet for trygg og varig drift er ikkje i mål. Difor held fellesløftet fram. Vi er svært glade for alle bidraga så langt og håpar fleire privatpersonar og bedrifter vil vere med.


Faste bidrag over fleire år gir oss større tryggleik til å planleggje drift og vedlikehald. Her på nettsida kan du gi ei gåve, støtte fast eller melde deg til dugnad. Saman tek vi vare på skigleda på Utvikfjellet.




Skann QR-koden for å støtte fellesløftet
 
 
 

Kommentarer


Det er ikke lenger mulig å kommentere dette innlegget. Kontakt nettstedseieren for mer informasjon.
bottom of page